OM OSS
I 1968 blir den første Esso-stasjonen åpna på Hermansverk av Førde Bil og Rekvisita v. John Farsund. Stasjonen fekk den gang navnet Systrand Bilservice. Etter nokre år med drift tek Per Hylseng over stasjonen i 1974, og stasjonen blir namngitt Hermansverk Servicesenter.
I 1995 blei Bjarne Haugen også ein del av stasjonen. I 1998 blir bedrifta omdanna til aksjeselskap og Bjarne Haugen blir deleigar saman med Per Hylseng.
I dag står Bjarne som dagleg leiar av stasjonen, og Helge Hylseng er verksmeistar. Bedrifta har i mange år vore ein lokal aktør innan fleire områder, og tilbydd bygda alt frå drivstoff, hageutstyr og plenklypparar, søndagsopen kiosk, bilvask, bilreparasjon og ikkje minst våre populære hamburgarar.
Stasjonen ligg fint til i ei avkøyrsle langs Rv.55 i Leikanger med gode parkeringsmoglegheiter.
STASJONEN
Bensinstasjonen er ein del av ESSO-kjeden og tilbyr blant anna kioskvarer, mat, bilrekvisita, plenklypparar og hageutstyr, drivstoff, alkylatbensin, bilvask, Adblue på kanner etc..
Sjå meir om kva me kan tilby under fana "Produkter og tjenester".
eller du kan Sjå nærare på menyen vår her.

VERKSTADEN
Verkstaden er ein godkjent bilverkstad av Statens Vegvesen.
Me leverer tjenester som EU-kontroll, diagnose, service, dekk/felg, hjulstillingskontroll, AC-service og liknande.
Siste nytt fra oss på facebook: