Hopp til innhold

 

EU-kontroll

Me er eit godkjent kontrollorgan for EU-kontroll. 

Eu-kontroll, eller periodisk køyretøyskontroll (PKK), har til hensikt å gi tryggare og meir miljøvenlege bilar. Det er bileigar sitt ansvar å sørge for at køyretøyet er kontrollert innan fristen. Køyretøy skal til kontroll hjå godkjent kontrollorgan i løpet av angitte kontrollmånadar og kan framstillast til kontroll inntil 4 månadar forut for kontrollmånad.

Me anbefalar å framstille køyretøyet til kontroll før fristen er gått ut, sik at nødvendige reparasjonar kan gjennomførast før kontrollfristen er ute. 

Pris: 1090 kr


Kva omfattar kontrollen? 

Trafikksikkerheit

  • kjennemerker, serienummer
  • bremse anlegg
  • bilens styring
  • sikt
  • lys, reflekser og elektrisk utstyr
  • aksler, hjul, dekk og hjuloppheng
  • understell og understellsutstyr
  • anna utstyr som bilbelter, kollisjonsputer etc..

Miljømessig tilstand 

  • støy
  • eksosutslepp og avgassar
  • væskelekasjer

For ein meir nøyaktig beskrivelse av kva som gjennomgås på EU-kontrollen, kan du lese HER.


Etter kontroll

Etter kontroll vil du motta ein kontrollrapport med punkter som eventuelt må utbedrast for godkjenning. Kontrollen seier ikkje noko om kor lang levetid etter kontrollen du kan forvente at eksempelvis støtdemparar, bremsebelegg og liknande har.  Den gir dermed ingen garanti for kor lenge kvart punkt vil vere tilfredsstillande etter kontrollen. 

EU-kontrollen sjekkar ikkje opp i vanlege service og vedlikeholdspunkter, eller rein driftsikkerheit. Du må derfor også følgje vanleg vedlikeholdservice i tillegg til EU-kontroll. 

Kontrollperioden reknast som tiden frå 4 månadar før køyretøyets kontrollmånad til og med siste dag i kontrollmånaden. 

Her kan du sjå når din bil skal inn til EU-kontroll.

Personvernerklæring